From: Arve Kirkevik Newsgroups: no.usenet.admin,no.fag.spraak.diverse,no.fag.spraak.strid,no.general,no.alt.diskusjoner,no.alt.frustrasjoner Subject: Framlegg til presisering av mandat Date: Wed, 11 Jul 2001 22:32:14 +0200 Message-ID: <6hdpkt87f3djjft8phru732dnsacneb85a@4ax.com> Eg ynskjer brigde i punkt 4 i charterrettleiinga. http://www.usenet.no/rutiner/charterveiledning.html [...] "Vaktmesteren har vetorett når det gjelder gruppenavn." Her ynskjer eg dette tillegget: "Vetoretten gjelder både teknisk uheldige og/eller feilaktige gruppenavn, og navn som strider mot den målform og øvrig navngivningspraksis AU har avgjort." (formuleringa kan gjerne finpussast reint språkleg) Då ligg det i korta at eg òg føreslær at AU offisielt legg ut til debatt eit formelt framlegg til kva målform gruppenamn heretter skal vera på, der alle alternativ er lista opp: nynorsk, samnorsk, eller tradisjonelt riksmål. I samsvar med Vaktmeister sin vetorett, vert det opp til Vaktmeister å definera kva som er nynorsk, samnorsk eller tradisjonelt riksmål, alt etter kva målform som vert vald av AU. Det bør òg takast med i debatten om ein skal bruka hovudsakleg norske framfor engelske former, som t.d. ".nettilbydere" framfor ".internet.service.providers" og om ein skal gå over til å bruka fornorska engelske ord der dét problemet oppstår, t.d. "njus". Når debatten er over, avgjer AU kva line dei heretter vil leggja seg på, (evt. oppretthalda) utan fyrst å leggja det ut på avrøysting i no.usenet.admin. Ei avrøysting vil opna for vinglepolitikk basert på brukarane sine tilfeldige språkallergiar. Dobbeltrøysta til Vaktmeister vil avgjera om det vert t.d. 2 for nynorsk og 2 for samnorsk. Eg legg ut dette framlegget for å klårgjera mandatet til Vaktmeister, og presisera at Vaktmeister har (min) tillit. -- "Sålenge den fete, late og dumme liksom-dyslektikeren herjer fritt og uhemmet og sparker opp alt støvet som ellers ville ha lagt seg, blir det ikke ørens lyd å få her."