Newsgroups: no.usenet.admin,no.usenet.informasjon,no.fag.spraak.diverse Subject: [Forslag] Endeleg framlegg om ny gruppe: no.fag.spraak.strid From: "Usenet Norges Arbeidsutvalg" Date: Mon, 31 Jul 2000 04:21:03 +0200 Message-ID: === Endeleg framlegg om ny gruppe: no.fag.spraak.strid === From: Jardar Eggesbø Abrahamsen Dette forslaget om ny gruppe er postet no.usenet.admin, no.usenet.informasjon, no.fag.spraak.diverse. Followup-To er satt til no.usenet.admin - det betyr at evt. svar vil gå til denne gruppen, og at videre debatt om forslaget i utgangspunktet skal foregå der. Forslaget skal behandles ihht. reglene i dokumentet "Regler for opprettelse av nye grupper": og ihht. disse reglenes punkt 8 vil det nå bli en diskusjonsperiode på minimum 14 dager. === Forslagsstillers kommentarer til forslaget === Det har, etter det eg har sett, ikkje kome innvendingar mot charteret (som på førehand hadde vore utførleg drøft med andre, særleg Ingar Holst). Charteret er difor uendra sidan det vart posta fyrste gongen. Det har derimot kome nokre innvendingar mot gruppenamnet, fordi det «oppmodar til strid». Dette ikkje fått konsekvensar, fordi det i charteret allereie er teke med generell netikette, for eksplisitt å regulera den striden som allereie finst, og som då allereie finst uoppmoda. Gruppenamnet er ikkje ei oppmoding, men ei kanalisering inn i regulerte former. Det har òg kome innvendingar mot gruppa i seg sjølv frå brukarar som grunngjev standpunktet sitt med at dei er imot nynorsk. Denne grunngjevinga har ikkje akkurat overtydd meg... :) === Charter === Gruppenamn: no.fag.spraak.strid Kort skildring (maksimalt 56 teikn, det vert heilt hit): Om og med språkstrid og nærskylde emne. Målet med gruppa: Gruppa skal vera eit forum med plass til språkpolitikk, språkplanlegging, språkstrid og dei ulike ideologiane som ligg til grunn. Me vil ha: - Språkstrid. - Diskusjonar om språkpolitikk, språkstrid, språkplanlegging og nærskylde emne. - Faglege og ikkje-faglege innspel. - Grunngjevne standpunkt, særleg om standpunktet elles vil likna eller vil vera rein hets eller harsellas. - Korrekt namn på deltakarane. Me vil ikkje ha: - Æreskjelling av personar eller grupper. - Overdriven kryssposting. Særleg skal ein unngå kryssposting til andre grupper under no.fag.spraak.*. - Kommersielle reklamepostingar (men informasjon om relevante konferansar, nye bøker o.l. er velkomne). - Slikt som høyrer heime i andre grupper. Grunnlaget for gruppa: Målstrid er eit stendig tilbakevendande tema ikkje berre på no.fag.spraak.*, men òg på andre grupper. Det dreier seg då både om balanserte diskusjonar og om utfall som elles skulle ha høyrt heime på no.alt.flame. Trådar om målstrid har ein tendens til å vara lenge. Anna språkstoff har i tidlegare tider hatt det med å drukna i språkstrid (i dåverande no.norsk). Kvar haust kom det nye folk som hadde akkurat dei same meiningane som dei som kom førre haust, og desse språkstridtrådane vart til slutt opplevde mest som støy. Etter kvart vart språkstrid so utdebattert at folk vart oppmoda om å ikkje diskutera det. Alt dette høyrer til bakgrunnen for at det i charteret til no.fag.spraak.diverse er nemnt eksplisitt at me ikkje vil ha «hets av nynorsk/bokmål/riksmål». Trongen for ein stad å driva språkstrid har likevel vist seg å vera til stades. På no.fag.spraak.diverse har det vorte ropt om sensur fordi det ikkje er rom for språkstrid der. På andre grupper ser me òg avsporingar pga. språkstrid, som på no.usenet.admin kvar gong eit gruppenamn viser seg å fungera betre på nynorsk enn på bokmål. (Tilsvarande trafikk frå nynorskhald er vanskelegare å dokumentera.) Å opna for språkstrid igjen på noverande no.fag.spraak.diverse er likevel uaktuelt, pga. all den støyen som slikt genererer. Språkstrid er eit felt som innan sosiolingvistikken er nærskylt med språkplanlegging, bilingvisme og diglossi, for ikkje å snakka om språkhaldningar og ytre språkhistorie. Det tykkjest likevel mest intuitivt å bruka «strid» som ein del av namnet på gruppa, heller enn noko meir abstrakt som «sosiolingvistikk» eller «syn». -- For Arbeidsutvalget, Knut Sparhell au(at)usenet.no