Newsgroups: no.it.programvare.emacs,no.it.emacs,no.news.diverse Subject: Velkomen til no.it.programvare.emacs! From: USENET Noregs Arbeidsutval Date: Wed, 02 Jun 1999 01:30:14 -0000 Message-ID: <928287014.29900@usenet.no> no.it.programvare.emacs er no oppretta. Dersom du ikkje finn gruppa, så les siste delen av denne meldinga. Gruppenamn: no.it.programvare.emacs Kort skildring (maksimalt 56 teikn, det vert heilt hit): Om editoren Emacs. Målet med gruppa: Å ha ein stad der ein kan diskutere bruk av Emacs og utvidelsar av Emacs. Alle Emacs-variantar er velkomne: GNU Emacs, GNU XEmacs, Gosling Emacs etc. Vi vil ha: * Diskusjonar om bruk og tilpassing av Emacs. * Spørsmål og svar om programmering i Emacs Lisp. * Diskusjonar om store og små programpakkar skrive for Emacs-miljøet, f.eks. Gnus, vm, ange-ftp, GUD. Vi vil ikkje ha: * Kranglar om kva som er best av vi og Emacs. * Kranglar om kva som er best av GNU Emacs, XEmacs osv. * Vi vil heller ikkje ha reklame eller andre former for spam. Grunnlaget for gruppa: Skal erstatte no.it.emacs. ------------------------------------ Kva gjer eg om eg ikkje finn gruppa? ------------------------------------ Grunnen er som regel anten 1. Du har ikkje oppdatert gruppelista ("active"-fila) i newslesaren din. Les dokumentasjonen for newslesaren din for å finne ut korleis det gjerast. 2. ISP-en din oppretter ikkje grupper i no-hierarkiet automatisk. Send i tilfelle eit brev til newsmaster for din newstenar og be dei ordne oppsettet sitt. inneheld opplysningane dei treng. Har dei spørsmål, kan dei sendast til no.news.drift eller . -- For Arbeidsutvalet, Kjetil Torgrim Homme au(at)usenet.no