Newsgroups: no.news.diverse,no.annonser.diskusjon Subject: Reglar for roboten på no.annonser.* From: Kjetil Torgrim Homme Date: 30 Apr 1999 21:05:38 +0200 Message-ID: <1rd80mj5dp.fsf@haey.ifi.uio.no> (Kryssposta til no.annonser.diskusjon, men diskusjonen synest eg høyrer heime i no.news.diverse) Eg bør vel kanskje seie noko om kva reglar roboten brukar per i dag. Reglane har endra seg undervegs, og det er enno ikkje fastlåst. == Grupper == Desse reglane gjeld dei modererte gruppene i no.annonser.*, dvs. alle unnateke no.annonser.diskusjon. == Storleik == Artikkelen kan maks vere 64 kB stor. Det vil seie at du ikkje kan legge ved bilete og lydar. Gjer heller slikt tilgjengeleg via WWW og oppgi ein eller fleire URL-ar. Kvar enkelt linje kan ikkje vere lenger enn 80 teikn. Artiklar på Usenet brukar harde linjeskift, så brekk om avsnitta dine. Unntak: URL-ar kan vere opptil 160 teikn lange. Brukar du - syntaksen, kan du bruke linjeskift inne i URL-en. == Redirigering av oppfylgjarartiklar == Dersom du oppgir ein Followup-To, vil ikkje roboten røre honom. Unntaket er om du oppgir meir enn éi gruppe. I så fall vil roboten kun take med det fyrste gruppa. Har du ikkje spesifisert Followup-To, vil roboten velje "no.annonser.diskusjon". Hensikta med dette er å unngå lange diskusjonar i kjøp og sal-gruppene. Unntak: Postingar til no.annonser.kontakt.diverse får "poster" i staden for å minimere sjansen folk har til å blamere seg. == Kryssposting == Det går ikkje an å kryssposte artiklar mellom no.annonser.* og grupper utanfor. Unntak: Dersom du har satt Followup-To til ei slik gruppe, kan du også kryssposte til henne. Dette eksempelet går bra: Newsgroups: no.annonser.audio-video,no.teknologi.video Followup-To: no.teknologi.video Roboten fjernar uvedkomande grupper frå lista. Dersom fire eller fleire grupper vert fjerna, vil ikkje artikkelen verte posta (dette har stoppa ganske mykje spam frå utlandet...) == Message-ID == Message-ID må kome frå eit fullstendig spesifisert domene. er gyldig, er det ikkje. == Feilmelding == Roboten vil alltid sende rapport tilbake til avsendar om han endrar artikkelen eller let vere å poste honom. == Avsendaradresse == Sidan du sannsynlegvis vil at folk skal kunne svare på annonsa di, vil eg på det sterkaste oppmode deg til å bruke ei gyldig avsendaradresse. Roboten gjer ingen sjekkar på dette, men dersom adressa di er ugyldig, vil du aldri kunne få feilmeldingar som nemnt i forrige avsnitt. == Moglege framtidige reglar == Ein kan tenkje seg at roboten krever spesielle konvensjonar i Subject-feltet, f.eks. alle annonser inneheld "K:" for "kjøp", "B:" for bytte osv. Dette kan gjelde alle eller nokre av gruppene. Roboten kan stoppe meldingar med MIME "multipart/alternative" (i praksis HTML-postingar). [... fyll ut sjølv her ...] Kjetil T.