Newsgroups: no.news.diverse,no.it.emacs Subject: Endeleg forslag til charter for no.it.programvare.emacs From: Kjetil Torgrim Homme Date: 20 May 1999 20:29:32 +0200 Message-ID: <1r7lq34msz.fsf@haey.ifi.uio.no> [Dette er eit endeleg charter for denne gruppa. Sidan gruppa skal opprettast som ein del av endringane vedteke i strukturvalet, vil det ikkje kome noko "endeleg forslag om å opprette gruppa" -- om det ikkje kjem innvendingar til charteret i løpet av ei veke vil gruppa opprettast.] Gruppenamn: no.it.programvare.emacs Kort skildring (maksimalt 56 teikn, det vert heilt hit): Om editoren Emacs. Målet med gruppa: Å ha ein stad der ein kan diskutere bruk av Emacs og utvidelsar av Emacs. Alle Emacs-variantar er velkomne: GNU Emacs, GNU XEmacs, Gosling Emacs etc. Vi vil ha: * Diskusjonar om bruk og tilpassing av Emacs. * Spørsmål og svar om programmering i Emacs Lisp. * Diskusjonar om store og små programpakkar skrive for Emacs-miljøet, f.eks. Gnus, vm, ange-ftp, GUD. Vi vil ikkje ha: * Kranglar om kva som er best av vi og Emacs. * Kranglar om kva som er best av GNU Emacs, XEmacs osv. * Vi vil heller ikkje ha reklame eller andre former for spam. Grunnlaget for gruppa: Skal erstatte no.it.emacs.