Newsgroups: no.fag.spraak.fagord,no.norsk.fagord,no.news.diverse Subject: Velkomen til no.fag.spraak.fagord! From: USENET Noregs Arbeidsutval Date: Tue, 23 Mar 1999 10:21:04 -0000 Message-ID: <922184464.15217@usenet.no> no.fag.spraak.fagord er no oppretta. Dersom du ikkje finn gruppa, så les siste delen av denne meldinga. Gruppenamn: no.fag.spraak.fagord Kort skildring: Om fagterminologi på norsk. Målet med gruppa: Gruppa skal vera eit forum for terminologiske spørsmål og drøftingar, særleg drøftingar og spørsmål om fagspråk og terminologi på norsk. Vi vil ha: - Sakkunnige innspel som er i tråd med målet for gruppa. - Saklege diskusjonar. Vi vil ikkje ha: - Kranglar og personåtak. - Diskusjonar om slikt som ikkje handlar om terminologi, høyrer heime på no.fag.spraak.diverse eller andre relevante grupper. - Kommersielle reklamepostingar (men informasjon om relevante konferansar, nye bøker o.l. er velkomne). Grunnlaget for gruppa: Trafikkgrunnlaget er allereie dokumentert av den i prinsippet eksisterande gruppa no.fag.norsk.fagord, som kan leggjast ned, og av den reelt eksisterande gruppa no.norsk.fagord, som skal leggjast ned. ------------------------------------ Kva gjer eg om eg ikkje finn gruppa? ------------------------------------ Grunnen er som regel anten 1. Du har ikkje oppdatert gruppelista ("active"-fila) i newslesaren din. Les dokumentasjonen for newslesaren din for å finne ut korleis det gjerast. 2. ISP-en din oppretter ikkje grupper i no-hierarkiet automatisk. Send i tilfelle eit brev til newsmaster for din newstenar og be dei ordne oppsettet sitt. inneheld opplysningane dei treng. Har dei spørsmål, kan dei sendast til no.news.drift eller . -- For Arbeidsutvalet, Kjetil Torgrim Homme au(at)usenet.no