Newsgroups: no.annonser.bil,no.teknologi.bil,no.bil,no.marked.bil,no.news.diverse Subject: Velkomen til no.annonser.bil! From: USENET Noregs Arbeidsutval Date: Tue, 23 Mar 1999 10:19:22 -0000 Message-ID: <922184361.15195@usenet.no> no.annonser.bil er no oppretta. Dersom du ikkje finn gruppa, så les siste delen av denne meldinga. Gruppenamn: no.annonser.bil Kort skildring (maksimalt 56 teikn, det vert heilt hit): Markedsplass for kjøp og salg av bil og bilrekvisita. Målet med gruppa: Å skape ein marknadsplass for bilar, bildelar og bilrekvisita, slik at no.teknologi.bil kan konsentrere seg om diskusjonar. Vi vil ha: - Annonser for bilrelatert utstyr. Sjå det generelle charteret for no.annonser.*, Vi vil ikkje ha: - Annonser for utstyr som passar betre i ei anna gruppe i no.annonser.* Sjå det generelle charteret for no.annonser.*, Grunnlaget for gruppa: Erstatning for no.marked.bil. Moderator: vaktmester(at)usenet.no (Kjetil T. Homme) ------------------------------------ Kva gjer eg om eg ikkje finn gruppa? ------------------------------------ Grunnen er som regel anten 1. Du har ikkje oppdatert gruppelista ("active"-fila) i newslesaren din. Les dokumentasjonen for newslesaren din for å finne ut korleis det gjerast. 2. ISP-en din oppretter ikkje grupper i no-hierarkiet automatisk. Send i tilfelle eit brev til newsmaster for din newstenar og be dei ordne oppsettet sitt. inneheld opplysningane dei treng. Har dei spørsmål, kan dei sendast til no.news.drift eller . -- For Arbeidsutvalet, Kjetil Torgrim Homme au(at)usenet.no