Newsgroups: no.annonser.bolig,no.fritid.bolig,no.marked.bolig,no.news.diverse Subject: Velkomen til no.annonser.bolig! From: USENET Noregs Arbeidsutval Date: Tue, 23 Mar 1999 09:40:17 -0000 Message-ID: <922182017.14841@usenet.no> no.annonser.bolig er no oppretta. Dersom du ikkje finn gruppa, så les siste delen av denne meldinga. Gruppenamn: no.annonser.bolig Kort skildring (maksimalt 56 teikn, det vert heilt hit): For kjøp og salg av boliger og relatert utstyr. Målet med gruppa: Å skape ein marknadsplass for husvære, leilegheiter, bustadar og for tenester og utstyr relatert til bustadar. At no.teknologi.bolig kan konsentrere seg om diskusjonar. Vi vil ha: - Annonser for bustadar (sal, kjøp, leige, bytte) - Annonser for tenester og utstyr for huseigarar. - Annonsering av visningar. Sjå det generelle charteret for no.annonser.*, Vi vil ikkje ha: - Annonser for varer som passar betre i ei anna gruppe i no.annonser.* Sjå det generelle charteret for no.annonser.*, Grunnlaget for gruppa: Erstatning for no.marked.bolig. Moderator: vaktmester(at)usenet.no (Kjetil T. Homme) ------------------------------------ Kva gjer eg om eg ikkje finn gruppa? ------------------------------------ Grunnen er som regel anten 1. Du har ikkje oppdatert gruppelista ("active"-fila) i newslesaren din. Les dokumentasjonen for newslesaren din for å finne ut korleis det gjerast. 2. ISP-en din oppretter ikkje grupper i no-hierarkiet automatisk. Send i tilfelle eit brev til newsmaster for din newstenar og be dei ordne oppsettet sitt. inneheld opplysningane dei treng. Har dei spørsmål, kan dei sendast til no.news.drift eller . -- For Arbeidsutvalet, Kjetil Torgrim Homme au(at)usenet.no