Newsgroups: no.annonser.diskusjon,no.marked.diskusjon,no.news.diverse Subject: Velkomen til no.annonser.diskusjon! From: USENET Noregs Arbeidsutval Date: Tue, 23 Mar 1999 09:08:10 -0000 Message-ID: <922180090.14655@usenet.no> no.annonser.diskusjon er no oppretta. Dersom du ikkje finn gruppa, så les siste delen av denne meldinga. Gruppenamn: no.annonser.diskusjon Kort skildring (maksimalt 56 teikn, det vert heilt hit): Diskusjon om prisar, varer, seljarar og kjøparar. Målet med gruppa: I denne gruppa kan ein diskutere kva som er bra/dårleg med eit tilbod posta til ei av dei andre gruppene i no.annonser.*. Vi vil ha: - Saklege innlegg som går på sak og ikkje person. Vi vil ikkje ha: - Annonser. - Personåtak. Sjå det generelle charteret for no.annonser.* Grunnlaget for gruppa: Erstatning for no.marked.diskusjon. ------------------------------------ Kva gjer eg om eg ikkje finn gruppa? ------------------------------------ Grunnen er som regel anten 1. Du har ikkje oppdatert gruppelista ("active"-fila) i newslesaren din. Les dokumentasjonen for newslesaren din for å finne ut korleis det gjerast. 2. ISP-en din oppretter ikkje grupper i no-hierarkiet automatisk. Send i tilfelle eit brev til newsmaster for din newstenar og be dei ordne oppsettet sitt. inneheld opplysningane dei treng. Har dei spørsmål, kan dei sendast til no.news.drift eller . -- For Arbeidsutvalet, Kjetil Torgrim Homme au(at)usenet.no