Newsgroups: no.samfunn.media.radio-tv,no.radio-tv,no.teknologi.video,no.news.diverse Subject: Velkomen til no.samfunn.media.radio-tv! From: USENET Noregs Arbeidsutval Date: Wed, 06 Jan 1999 03:43:53 -0000 Message-ID: <915594232.716@usenet.no> no.samfunn.media.radio-tv er no oppretta. Dersom du ikkje finn gruppa, så les siste delen av denne meldinga. Gruppenamn: no.samfunn.media.radio-tv Kort skildring (maksimalt 56 teikn, det vert heilt hit): Radio og tv-relatert diskusjon. Målet med gruppa: Å skape eit forum der ein kan diskutere radio- og tv-program. Vi vil ha: Diskusjon om mellom anna: - spesifikke radio- eller tv-program - samanlikning av kanalar (programutval osv.) Vi vil ikkje ha: Diskusjon om - filmar som har gått på TV (bruk no.kultur.film). - kva som er best av Phillips og Sony, 50Hz eller 100Hz, PAL eller NTSC (bruk no.teknologi.video). Grunnlaget for gruppa: Denne gruppa skal erstatte no.radio-tv. ------------------------------------ Kva gjer eg om eg ikkje finn gruppa? ------------------------------------ Grunnen er som regel anten 1. Du har ikkje oppdatert gruppelista ("active"-fila) i newslesaren din. Les dokumentasjonen for newslesaren din for å finne ut korleis det gjerast. 2. ISP-en din oppretter ikkje grupper i no-hierarkiet automatisk. Send i tilfelle eit brev til newsmaster for din newstenar og be dei ordne oppsettet sitt. inneheld opplysningane dei treng. Har dei spørsmål, kan dei sendast til no.news.drift eller . -- For Arbeidsutvalet, Kjetil Torgrim Homme au(at)usenet.no