Newsgroups: no.fag.typografi,no.typografi,no.news.diverse Subject: Velkomen til no.fag.typografi! From: USENET Noregs Arbeidsutval Date: Tue, 22 Dec 1998 22:41:57 -0000 Message-ID: <914366517.27237@usenet.no> no.fag.typografi er no oppretta. Dersom du ikkje finn gruppa, så les siste delen av denne meldinga. Gruppenamn: no.fag.typografi Kort skildring (maksimalt 56 teikn, det vert heilt hit): Typografisk praksis, estetikk og erfaringer. Målet med gruppa: Gruppa skal vere ein møtestad for personar som er interessert i trykkekunst og grafisk formgjeving av dokument. Vi vil ha: Diskusjon om typografi-relaterte tema. Nokre eksempel: - Ulike skrifttypar og kva dei eignar seg til. - Typesetjings-konvensjonar («Kva sitatteikn skal ein bruke?», «Kva er skilnaden på aksentane?» osv.) - Programvare for typografar (Fontographer, Quark etc.) i den grad der ikkje finst meir spesifikke grupper for programmet (gjeld f.eks. TeX). - Typografi-terminologi. Vi vil ikkje ha: Diskusjon om rettskriving (bruk no.fag.norsk.diverse). Heller ikkje annonser og reklame, det skal skal sendast til no.marked.* Grunnlag for gruppa: Erstattar no.typografi. ------------------------------------ Kva gjer eg om eg ikkje finn gruppa? ------------------------------------ Grunnen er som regel anten 1. Du har ikkje oppdatert gruppelista ("active"-fila) i newslesaren din. Les dokumentasjonen for newslesaren din for å finne ut korleis det gjerast. 2. ISP-en din oppretter ikkje grupper i no-hierarkiet automatisk. Send i tilfelle eit brev til newsmaster for din newstenar og be dei ordne oppsettet sitt. inneheld opplysningane dei treng. Har dei spørsmål, kan dei sendast til no.news.drift eller . -- For Arbeidsutvalet, Kjetil Torgrim Homme au(at)usenet.no