Newsgroups: no.norsk,no.news.diverse Subject: framlegg til charter for no.fag.spraak.diverse From: jardar(at)nvg.unit.no (Jardar Eggesbø Abrahamsen) Date: 21 Oct 1998 22:42:45 GMT Message-ID: <70lo15$99u$1@due.unit.no> Gruppenamn: no.fag.spraak.diverse Kort skildring: Om språk Målet med gruppa: Gruppa skal vera eit forum for utveksling av kunnskap, spørsmål og meiningar om språk. Me vil ha: Både faglege og ikkje-faglege spørsmål, diskusjonar, opplysningar og meiningsutvekslingar er velkomne. Fagfolk må respektera at språk opptek mange fleire enn fagfolk, samstundes som dei som ikkje er fagfolk, må respektera at det ogso skjer faglege diskusjonar på gruppa. Emna som høyrer heime på gruppa, femner om alle aspekt ved språk, språkvitskap, språkfilosofi, sosiolingvistikk osb. Me vil ikkje ha: - Krangling og personåtak. - Hets av nynorsk/bokmål/riksmål. - Ubeden korrekturlesing av andre sine artiklar. Dette er ei gruppe for diskusjonar osb. om språk, ikkje ei gruppe for sjølvutnemnde korrekturlesarar. - Kommersielle reklamepostingar (men informasjon om relevante konferansar o.l. er velkomne). - Slikt som det finst andre grupper som skal taka seg av. Til dømes høyrer fornorsking av fagord og terminologi heime på no.fag.spraak.fagord. Trongen for gruppa: Trafikkgrunnlaget er allereie dokumentert av den eksisterande gruppa no.norsk. Det er avgjort ved røysting at no.norsk skal flyttast til no.fag.*.