Newsgroups: no.news.diverse,no.it.diverse,no.ai,no.bibsys,no.sources.list,no.sources.wanted,no.standard,no.tegnsett,no.tungregning,no.news.drift,no.multimedia,no.vr,no.net Subject: Forslag til struktur for no.it. From: au(at)usenet.no (USENET Noregs Arbeidsutval) Date: 30 Oct 1998 02:44:01 +0100 Message-ID: <1riuh26cym.fsf@haey.ifi.uio.no> Dette er eit nytt forsøk på å skape ein struktur for no.it.* som vi alle kan vere nøgde med. Dersom det ikkje vert stor debatt om forslaget, tek vi sikte på å setje det i drift i løpet av ein månad. Fyrst av alt, ei kjapp liste som viser samanhengen: Ny gruppe Gammal gruppe ======================================================================== no.it.diverse =, no.ai, no.bibsys, no.sources.list, no.sources.wanted, no.standard, no.tegnsett, no.tungregning no.it.grafikk.diverse no.multimedia, no.vr no.it.tjenester.diverse no.net no.it.tjenester.irc no.irc no.it.tjenester.mail.diverse = no.it.tjenester.nettilbydere no.biz.nettilbydere no.it.tjenester.news no.news.diverse, no.news.drift no.it.tjenester.www.diverse = no.it.tjenester.www.design = no.it.tjenester.www.html = no.it.tjenester.www.programmering = no.it.maskinvare.diverse no.pc no.it.nostalgi no.folklore.edb no.it.nettverk no.net no.it.os.amiga.diverse no.amiga no.it.os.amiga.maskinvare no.amiga no.it.os.amiga.programvare no.amiga no.it.os.mac.diverse no.mac no.it.os.ms-windows.diverse no.ms-windows, no.pc no.it.os.os2 = no.it.os.unix.diverse no.unix, no.x no.it.os.unix.linux.diverse no.linux no.it.programmering.c = no.it.programmering.delphi = no.it.programmering.diverse = no.it.programmering.java = no.it.programmering.lisp = no.it.programmering.perl = no.it.programmering.visual-basic = no.it.programvare.emacs no.it.emacs no.it.programvare.tex no.tex no.it.sikkerhet.diverse no.kryptografi no.it.telekom.diverse = no.it.telekom.mobil = no.it.telekom.isdn = ======================================================================== Utgangspunktet for dette framlegget er Dag Øiens strukturframlegg. Det er heller ikkje så altfor ulikt Alfa5 sitt utkast. Nokre kommentarar, gruppe for gruppe: * no.it.diverse er ein samlepost, og det er naturleg å flytte lågtrafikkgrupper dit. Det er ikkje nedverdigande for temaet. * no.it.tjenester.* er allereie delvis på plass, og å endre namnet til no.it.internett.* vil sannsynlegvis skape meir forvirring enn opplysing. * no.it.tjenester.news skal brukast til generell diskusjon om newsprogramvare o.l. Administrasjon av no.* skal framleis skje i no.news.diverse (som kanskje vil skifte namn til no.usenet.* i framtida). * no.it.tjenester.diverse skal handle om IT-tenester som ikkje vert dekt av dei andre gruppene. Når "no.net" står oppført som gammalt namn, kjem det av at diskusjon om bruk av f.eks. protokollen SMB tidlegare har skjedd i "no.net". Infrastruktur (teknisk def.: det som skjer på ISO nettverkslag 3 eller lågare) skal diskuterast i no.it.nettverk. * no.it.tjenester.nettilbydere vil vere for diskusjon om nettilbydarar. no.biz.nettilbydere inneheld i dag ein del annonser, men desse skal heretter sendast til ei passande marknadsgruppe. * no.it.maskinvare.diverse skal vere for alle typar maskinvare, ikkje berre PC-ar. Merk at spørsmål som er direkte relatert til eit bestemt operativsystem skal diskuterast i OS-gruppa, ikkje her. * no.it.nettverk: sjå no.it.tjenester.diverse. Eg synest ikkje denne gruppa kunne plasserast i maskinvare-hierarkiet. * no.it.os.* vert her brukt som eit samlenamn om eit gitt system. Alternativa var "sys", "system" og "maskin", men det såg ikkje ut til at folk vart einige i kva ein skulle legge i det. Ein fordel med "os" er at OS/2-gruppa slepp å flytte, og eg ser ikkje nokon spesielle fordelar med dei andre framlegga. * no.it.os.unix.linux.diverse er plassert inne i Unix-gruppa i håp om at det vil hjelpe folk til å hugse å poste generelle Unix-artiklar i no.it.unix.diverse i staden. Det gir også ein litt ryddigare struktur med tanke på framtidige grupper som "no.it.os.unix.freebsd" o.l. * no.it.os.ms-windows.diverse vil erstatte no.ms-windows ganske nøyaktig, men vil også få meir trafikk frå dagens no.pc. Det er derfor ikkje usannsynleg at no.it.os.ms-windows.maskinvare vert oppretta om nokon foreslår gruppa etter omstruktureringa. * no.it.programvare.* skal brukast for å diskutere ulik programvare. Naturlege utvidingar vil vere no.it.programvare.diverse og no.it.programvare.ms-office. * no.it.programvare.emacs er den einaste gruppa i dagens no.it.* som må flytte. Det er sjølvsagt plagsomt med flytting, men det verkar noko rart å ha emacs-gruppa på toppnivå i it-hierarkiet då Emacs ikkje er nokon kategori i seg sjølv. For AU, Kjetil T. (vaktmester)