Newsgroups: no.news.diverse Subject: Forslag til nye reglar for valoppgjer i no.* From: Sturle Sunde < sturles(Dette er faktisk ei gyldig adresse)(at) nntp . ifi . uio (Post til denne skal komme fram) . no > Date: 9 Sep 1998 07:00:50 GMT Message-ID: <6t5932$g7j$1@readme.uio.no> [Anders Håkon Gaut] > Jeg vil si at et innlegg med presantasjon av opptellingsmetoden du > presenterte med subject 'Forslag til ny opptellingsalgoritme for > valg i no.*' (Eller noe slikt) vil være en strålende start, og den > beste måten å foreslå en ny metode. Gjort med dette. Forslaget er algoritmen som er forklart i , fram til "IV. KVOTEORDNINGER", som ikkje trengst fordi det ikkje finst kvoteringsreglar for no.*. (Kjønnskvotering, etc.) > Jeg må innrømme at jeg ikke helt ser forskjellen (resultatmessig) av > de to metodene, men noen kan sikkert gi eksemplene :-) Ikkje ved dette tilfellet, men det kan godt vere det. I tilfelle stemmene hadde fordelt seg nesten likt på t.d. BAC, og CAB med nokre få ACB, hadde A seira; sjølv om det var svært få som eigentleg ville ha A. I so fall ville dei som stemte C tent på å la vere å prioritere A i det heile. Med den ordninga eg føreslo ville A gått ut i første runde. Deretter hadde alle A-førstestemmene hadde vorte overført til C, som då hadde seira, slik nesten halvparten hadde som førsteval og dei få som stemte A hadde som andreval. > 1) en av to, val (neppe nødvendig med avansert algoritme, men kanskje noen > regler for hva som er tilstrekkelig flertall) Føresler reint fleirtal utan meir kompliserte reglar enn det. > 2) En av mange (Her er strukturvalgalgoritmen brukt tidligere) http://www.uio.no/admhb/reglhb/orgadm/preferansevalg.html > 3) Fler av mange (Her er vel også strukturvalgalgoritmen brukt med > iterasjoner?) Det er her denne algoritmen verkeleg kjem til sin fulle rett. Kvar mann har nøyaktig ei stemme. Vert kandidaten din vald med fleire stemmer enn naudsynt, vil den ubrukte delen av stemma bli overført til nestemann du har på lista. Har ikkje kandidaten på førsteplass ein sjans, vert heile stemma di overført til nummer to på lista. Kort og godt genialt. Ingen vekkasta stemmer. Det er _vanskeleg_ å lure denne algoritmen ved å stemme taktisk[1]. Brukarar av algoritma i nemnde URL, er mellom anna Universitetet i Oslo, Studentparlamentet i Oslo og Norsk studentunion. _____________________ [1] Det kan provast matematisk at det ikkje finst nokon algoritme som gjer det umogleg å stemme taktisk viss du veit på førehand kva fleirtalet kjem til å stemme. -- Sturle URL: http://www.stud.ifi.uio.no/~sturles/ ~~~~~~ This will end your Windows session. Do you want to play another game?