Newsgroups: no.news.diverse Subject: Så, kven er denne Kjetil T. Homme? From: Kjetil Torgrim Homme Date: 23 Sep 1998 22:27:48 +0200 Message-ID: <1raf3qa81n.fsf@haey.ifi.uio.no> Sidan folk ser ut til å ha lyst å vite kva slags person denne vaktmesterkandidaten er, får eg vel skrive nokre ord om bakgrunnen min. Eg kjem frå Herøy på Sunnmøre, men flytta til Oslo i 1989 for å byrje å studere ved UiO. Valet var opplagt, sidan eg alltid har hatt interesse av å fikle med datamaskiner[1], og sidan har eg vore her. Fyrst som student, og frå 1995 av i driftsavdelinga her ved Institutt for informatikk. Her mekkar eg mellom anna på Diablo og INN (news-programvare). News har eg lese sidan 1990. I dei dagar måtte vi søkje om tillatelse frå drift for å få lov til å poste[2], og det var ein diskusjon på eunet.micro.acorn[3][4] eg _måtte_ vere med på. Sidan har eg brukt svært mykje tid på news, spesielt datanerde-grupper som comp.arch, comp.protocols.smb og rec.music.gaffa. Om det ikkje har vore så effektiv tidsbruk, så har det i alle fall vore ein artig måte å lære litt om mykje på. Interessene mine femner om musikk[5], bøker[6], film[7] og sjølvsagt datamaskiner. Eg er innbitt heilårssyklist, noko som ikkje er så vanskeleg med det fantastisk flotte klimaet vi har her i Oslo[8]. Nokon lurte på kvar eg stod politisk. Sjølv om eg har vore aktiv i Unge Høgre, så er eg helst ein av dei som fell pladask mellom dei to stolane Venstre og Framstegspartiet[9]. Eg er medlem av TNA[10]. Når det gjeld personlege eigenskapar, så må eg seie at eg _ikkje_ er noko diplomat, heller ingen strateg, men prøvar å unngå kranglar. Eg kan vere svært påståeleg når eg meiner å ha mitt på det tørre, men trur eg lyttar til andre sine argument. Vart de noko klokare? Kjetil T. [11] [1] Spør meg om Enterprise 128, den *beste* heimedatamaskina! [2] Kravet var stort sett at du kunne svare på kontrollspørsmål frå Emily Postnews. [3] No er det vel berre eunet.jokes i det hierarkiet det er nokon aktivitet i. *snufs* [4] Spør meg om Acorn Archimedes, den *beste* heimedatamaskina! [5] Kvinnelege vokalistar, helst, som Moloko, Miranda Sex Garden, This Mortal Coil og Janet Jackson. [6] Eit halvfullført engelsk grunnfag lærte meg i alle fall at klassisk skjønnliteratur vanlegvis er klassisk fordi han er godt og underhaldande skrive. Favoritt: "Anna of the Five Towns". [7] Gjerne med ein blodig Bruce Willis, men eg må vel få med at eg er ein stor fan av Kieslowski også. [8] Ikkje sarkasme. [9] I Tor Mikkel Wara-utgåve. [10] [11] Eg brukar vanlegvis ikkje å skrive så mange fotnotar.