Newsgroups: no.news.diverse,no.prat.seksualitet,no.general Subject: Andre utkast til kontaktannonsegruppe From: rlovlid(at)online.no (=?ISO-8859-1?Q?Rune_L=F8vlid?=) Date: Tue, 26 May 1998 10:26:02 GMT Message-ID: <356a2ed9.37700521@news.sn.no> Follow up satt til no.news.diverse Her er andre utkastet for ei kontaktannonsegruppe. Namn åt gruppa er ikkje fastspikra enno, men eg har fått fylgjande forslag: no.annonser.kontakt no.annonser.personleg ( endeleg plasseringa i hirarkiet får AU ta seg av ) Personleg likar eg best n.a.k., mest avdi eg kom på det sjølv :) Her er andre utkast til charteret. Er det ikkje nokon store motførestillingar vert endeleg forslag posta om ca 2 veker. Andre utkast 26.05.1998 Gruppenavn: no.annonser.kontakt Kort beskrivelse (maksimalt 56 tegn, det blir helt hit): Private kontaktannonser. Målet med gruppen: Gruppa no.annonser.kontakt er tenkt å gje kontaktsøkjande eit eige forum. Personer som søkjer kontakt får ein eigen plass å finne kvarandre. Vil vi ha: Kontaktannonser frå alle som søkjer ein annan person. Det kan vere annonser for å finne seg: ein brevvenn, venn/venninne, livspartnar, eller liknande. Respekt for at andre er forskjellige. Vil vi ikke ha: Krysspostingar til andre grupper er _FORBODE_. Annonser frå komersielle kontaktannonsører. Annonser for salg av sex, andre tjenester og varer. Uthenging og usaklege kommentarer til annonser. Den enkeltes legning og ynskjer skal respekterast og ikkje bli brukt mot annonsøren. Korrigering av stavefeil og andre språklege unøyaktigheiter. Spam og reklame er heller ikkje velkomne her. Behovet for gruppen: Det er på no.prat.seksualitet kome eindel kontaktannonser. Dette er ikkje ynskjeleg på n.p.s., og kan øydeleggje gruppa viss det får utarte. Annonsene viser at det er eit behov for ei eiga gruppe der kontaktsøkjande kan treffast. Forslagsframsetjar Rune Løvlid (rlovlid(at)online.no) "you're not me, therefore you're irrelevant" Dogbert rlovlid(at)online no Visit the ATCHO joke pages. http://home.sol.no/~rlovlid