Newsgroups: no.news.diverse Subject: kompromisshierarki (2) From: jardar(at)tyrell.nvg.ntnu.no (Jardar Eggesbø Abrahamsen) Date: 19 Feb 1998 19:13:01 +0100 Dette er lettare revidert sidan <6c9rag$pk0$1@tyrell.nvg.ntnu.no> (sjå der for nærare utgreiingar om kva som er kompromiss mellom kva) på grunnlag av debatten i denne gruppa. På toppnivå: no.general no.svar no.test no.velkommen Ny gruppe: no.diverse-fag, ei sams fagleg diversegruppe, kjem i staden for no.vit.diverse. Elles: no.humaniora.* no.samf.* no.tekn.* no.matnat.* no.it.* no.marknad.* no.org.* no.fritid.* no.prat.* Hierarkia no.(humaniora|samf|matnat|tekn).* er eit emneorientert (ikkje funksjonsorientert) kompromiss med rom for både faglege og ikkje-faglege grupper og diskusjonar, men med ei inndeling som samsvarar med ei fagorientert inndeling (som ligg til grunn både for Dewey og andre). I kompromissets ånd vil eg likevel ikkje gå so langt som AUs bruk av Dewey. I tillegg har eg difor sett opp no.fritid og no.prat for aktivitetar og emne som ikkje like naturleg kan lata seg plassera innan dei fire fyrste hierarkia. Ein bruk av ordet "kultur" vil føra til at ein må skilja åt humanistiske emne, ettersom ikkje alle humanistiske emne kan karakteriserast som "kultur". Det var dette som var den største innvendinga mot AUs bruk av Deweys ekstreme (men framleis fagbaserte) typologi, som førde til at naturvitskaplege emne fekk eit eige eksplisitte faghierarki, medan humaniora måtte dela seng med både volleyball, sjakk og friluftsliv (det siste kunne elles ha passa under naturvitskap...). no.human(iora) -------------- Avstyttinga "human" er kanskje noko meir forståeleg for ikkje-akademikarar, og er dessutan i bruk i samansetjinga "humanvitskap". Men "humaniora" er i alle fall lettare å læra seg enn å læra heile den hyperakademiske Dewey. no.litteratur --> no.humaniora.litteratur no.musikk --> no.humaniora.musikk.diverse no.musikk.gitar --> no.humaniora.musikk.gitar no.musikk.klassisk --> no.humaniora.musikk.klassisk no.norsk --> no.humaniora.norsk no.norsk.fagord --> no.humaniora.fagord no.slekt.* --> no.humaniora.genealogi.* no.religion --> no.humaniora.religion no.typografi --> no.humaniora.typografi Ny gruppe: no.humaniora.filosofi no.samf ------- no.jus --> no.samf.jus no.pressemeldinger --> no.samf.pressemelding no.pressemeldinger.diskusjon --> no.samf.pressemelding.diskusjon no.psykologi --> no.samf.psykologi no.tekn ------- no.audio --> no.tekn.audio no.bil --> no.tekn.bil no.elektronikk --> no.tekn.elektronikk no.tele --> no.tekn.tele no.video --> no.tekn.video no.matnat --------- (Omdøypt frå no.naturvit for å gjera plass til formalvitskapar.) no.havforskning --> no.matnat.havforsking no.kjemi --> no.matnat.kjemi no.kryptografi --> no.matnat.kryptografi no.medisin --> no.matnat.medisin no.it ----- Jamfør debatt i andre trådar. no.marknad ---------- Jamfør debatt i andre trådar. no.org ------ no.bibsys --> no.org.bibsys no.embnet --> no.org.embnet no.nuug --> no.org.nuug no.org.decus --> no.org.decus no.org.efn.diskusjon --> no.org.efn.diskusjon no.org.efn.nyheter --> no.org.efn.nyheter (.nytt?) no.org.isoc-no --> no.org.isoc-no no.org.nobug.diverse --> no.org.nobug.diverse no.org.nobug.nytt --> no.org.nobug.nytt no.stortinget --> no.org.stortinget no.student.samfund --> no.org.student.samfund no.student.nett --> no.org.student.nett no.uninett.diverse --> no.org.uninett.diverse no.uninett.drift --> no.org.uninett.drift no.uninett.fik --> no.org.uninett.fik no.uninett.hjelp --> no.org.uninett.hjelp no.uninett.katalog --> no.org.uninett.katalog no.uninett.skole --> no.org.uninett.skole no.fritid --------- no.bolig --> no.fritid.bolig no.film --> no.fritid.film no.hobby.diverse --> no.fritid.diverse (MERK DENNE!) no.kultur.fritid.friluftsliv --> no.fritid.friluftsliv no.reiser --> no.fritid.reiser no.speider --> no.fritid.speiding no.spill --> no.fritid.spill.diverse no.spill.rollespill --> no.fritid.spill.rollespill no.spill.sjakk --> no.fritid.spill.sjakk no.sport.diverse --> no.fritid.sport.diverse no.sport.fotball --> no.fritid.sport.fotball no.sport.orientering --> no.fritid.sport.orientering no.sport.volleyball --> no.fritid.sport.volleyball no.sykkel --> no.fritid.sykkel Eventuelt kan sportsgruppene skiljast ut i no.sport.*. Kva med å slå saman sport og spel til no.leik.*? no.prat ------- Dette er eit «lat oss prata om det»-hierarki. I alle gruppene under no.* skjer det prating om ting og tang, men no.kjemi, no.norsk osb. er ikkje grupper for «generelle samtaleemne». Der AU hadde no.kultur som sekkehierarki, og der Even hadde no.sosialt, vil dette vera den fremste kandidaten til sekkestatus her: ein stad der ein kan plassera det meste av det som elles er vanskeleg å plassera. Og kva er eigentleg vanskeleg å plassera? Jau, nettopp ikkje-faglege grupper som heller ikkje handlar om spesifikke fritidsaktivitetar, men om generelt prat kring visse emne. no.alkohol --> no.prat.alkohol no.ef --> no.prat.eu no.folklore.edb --> no.prat.folklore.edb no.folklore.generelt --> no.prat.folklore.generelt no.folklore.overtro --> no.prat.folklore.overtru no.media --> no.prat.media no.radio-tv --> no.prat.radio-tv no.prat.aksjer --> no.prat.aksjer no.prat.narkotika --> no.prat.narkotika no.prat.politikk --> no.prat.politikk no.prat.ufo --> no.prat.ufo no.prat.seksualitet --> no.prat.seksualitet no.skole.diverse --> no.prat.skole no.vitser --> no.prat.vits ************ Med utgangspunkt i Turid Mevolds framlegg <34ec2a48.104621199@news.online.no> kunne ein fordela no.prat.* på denne måten: no.prat.alkohol --> no.matnat.alkohol no.prat.eu --> no.samf.eu no.prat.folklore.edb --> no.humaniora.folklore.edb no.prat.folklore.generelt --> no.humaniora.folklore.generelt no.prat.folklore.overtru --> no.humaniora.folklore.overtru no.prat.media --> no.samf.media no.prat.radio-tv --> no.samf.radio-tv no.prat.aksjer --> no.samf.aksjer no.prat.narkotika --> no.matnat.narkotika no.prat.politikk --> no.samf.politikk no.prat.ufo --> no.tekn.ufo no.prat.seksualitet --> no.matnat.seksualitet no.prat.skole --> no.samf.skole no.prat.vits --> no.fritid.vits Dersom det finst ei ulempe med dette, er det at no.prat.* ville ha vore ein veldig grei plass å plassera grupper for utprega generelt og ikkje-fagleg prat (ja, prat), som jo vil vera typisk vanskeleg å plassera. Til dømes kunne jo seksualitet plasserast under matnat, men etter å ha kika på gruppa, fann eg både blomespråk (humaniora) og tendensar til samfunnsrelaterte vinklingar. Grunnen er sjølvsagt at det er ei gruppe nettopp for generelt prat. Sjølv om alkohol (som i no.alkohol) er ein kjemisk substans og kan sortera under no.matnat, er det ikkje det _kjemiske_ fenomenet alkohol som er tema på den gruppa. Hadde gruppa heitt "no.rus" ;) , ville ei naturvitskapleg klassifisering neppe ha vore like aktuell. Gruppene under no.prat.* har i praksis tema som er perifere i forhold til ei plassering etter strengt fagtypologiske kriterium à la Dewey. Jardar