Newsgroups: no.news.diverse Subject: kompromisshierarki From: jardar(at)tyrell.nvg.ntnu.no (Jardar Eggesbø Abrahamsen) Date: 16 Feb 1998 18:00:00 +0100 I tidlegare i dag skreiv Eivind Kjørstad: >1 Flytt no.kultur.fritid.sport ned (opp?) til no.sport > (eller kanskje heller no.kultur.fritid ned til no.fritid) > >2 Opprett eit eige hierarki for humaniora på lik linje med det > hierarkiet som er foreslått oppretta for naturvitenskap. > >Eg har ikkje hørt nokon alvorlige innvendinger mot nokon av desse to >forslaga, og foreslår difor at vi brukar den modellen. På den same bakgrunnen har eg samstundes kladda ned dette. Fyrst kjem ei drøfting, deretter eit høgttenkjande framlegg til eit hierarki som byggjer på både AU og Even, men som samstundes held seg unna dei ekstreme utslaga av Dewey og Vico. * * * Dei to «hovudframlegga» til hierarki er AUs Dewey-baserte system og Even Holens. AUs framlegg er temaorientert, og søkjer å plassera ogso ikkje-faglege grupper i Dewey, som jo er eksplisitt fagleg. Evens framlegg skil ut dei faglege gruppene og samlar dei. Den store praktiske skilnaden for dei faglege gruppene er då at AUs no.naturvitenskap og no.teknologi er slegne saman, og at dei humanvitskaplege gruppene frå AUs no.kultur vert lagde inn i det same faglege hierarkiet. Fordi det dermed ikkje lenger finst ein temastruktur på _andre_ nivå (men derimot på _tredje_ nivå) for dei faglege gruppene, har Evens framlegg fått kritikk for å vera funksjonsorientert og ikkje temaorientert. Ein kan raskt stussa over ein slik kritikk, ettersom t.d. AUs no.kultur inneheld grupper som slett ikkje «handlar om» kultur, men som derimot sorterer under ein «kulturell sfære» -- rett nok ut ifrå Deweys misvisande fagtypologi. Slik sett er AUs framlegg ei god blanding av funksjonelle og tematiske kategoriar, utan at eg ser noko gale i ei slik blanding, so lenge ho er praktisk. Det striden har stått mest om, har likevel vore dei faglege gruppene og konsekvensane av kva ein gjer med dei. Eg har gjeve Dewey kritikk for å ha teke eit ekstremt standpunkt som ikkje eignar seg andre stader enn mellom trusfellar. Etter mitt syn (om me ser bort ifrå dei ekstreme Vico-legningane mine, som vil redusera naturvitskap til hobby når eg vert sarkastisk nok) er Deweys fagtypologi so problematisk at det beste ville ha vore å skilja ut dei ulike faglege gruppene og samla dei i eitt hierarki. Denne tanken, som òg har vorte sterkt målboren av Even, har møtt motstand frå dei som vil skilja eksplisitt mellom ulike _slags_ fag, og ikkje berre ulike fag. Ein kan spørja om kva som er vitsen med å skilja mellom ulike _slags_ fag dersom ein likevel skil fagfelta ut frå resten av hierarkiet. Ein vil jo likevel ikkje få plass til friluftsliv saman med naturvitskapane, korkje i Evens framlegg eller i AUs framlegg. Med AUs sekkehierarki «no.kultur» og «no.samfunn» kan ein òg spørja om dette verkeleg er ei tematisk inndeling. Vidare, folk har ytra djupneskrekk. Det er ikkje lett å finna fram i eit hierarki med 4-5-6 nivå, og spesielt praktisk er det heller ikkje med lange gruppenamn. Difor har fleire ytra ynske om fleire delhierarki på 2. nivå. Evens framlegg var eit _framlegg_ der han eliminerte problema med å plassera grupper etter fagtype. Eg er samd med Even, men innser at mange er usamde. Framlegget mitt under er meint som eit _framlegg_ til kompromiss mellom Dewey og Even. Dette tyder at det igjen vil verta problematisk å plassera somme faglege grupper, men me vil framleis unngå sjåvinistisk og ideologiavhengig særbehandling av visse faglege grupper, slik tilfellet var med AUs framlegg, og slik det ville ha vorte om me tok det motsette standpunktet (Vico-inspirert). Dersom det skulle vera stemning for det, ville det ikkje vera noko problem å slå saman dei tre fyrstnemnde fagorienterte delhierarkia til eitt, men den diskusjonen kan me heller taka om ein månads tid. I tillegg til no.general, no.svar, no.test og no.velkommen: no.humaniora ------------ Dette delhierarkiet er i dette framlegget sett saman av dei gamle humanvitskapane, dvs. historisk-filosofiske og samfunnsvitskaplege fag, dvs. «menneskefag», ikkje «Geisteswissenschaften». Om ein vil skilja ut samfunnsvitskapane, kan ein gjera det. no.jus --> no.humaniora.jus no.litteratur --> no.humaniora.litteratur no.musikk --> no.humaniora.musikk.diverse no.musikk.gitar --> no.humaniora.musikk.gitar no.musikk.klassisk --> no.humaniora.musikk.klassisk no.norsk --> no.humaniora.(norsk|lingvistikk) no.norsk.fagord --> no.humaniora.fagord no.slekt.* --> no.humaniora.slekt.* no.psykologi --> no.humaniora.psykologi no.religion --> no.humaniora.religion no.typografi (eller under no.teknologi.*?) --> no.humaniora.typografi Treng me no.humaniora.diverse? I tillegg vil filosofigruppa koma her. no.tekn(ologi) -------------- no.audio --> no.tekn(ologi).audio no.bil ? --> no.tekn(ologi).bil ? no.bolig ? --> no.tekn(ologi).bolig ? no.elektronikk --> no.tekn(ologi).elektronikk no.sykkel ? --> no.tekn(ologi).sykkel ? no.tele --> no.tekn(ologi).tele no.video --> no.tekn(ologi).video Treng med no.teknologi.diverse? no.naturvit (stuttare enn «no.naturvitenskap») ----------- no.havforskning --> no.naturvit.havforsking no.kjemi --> no.naturvit.kjemi no.kryptografi --> no.naturvit.kryptografi (eg veit ikkje kva dette er! men AU har gruppa her) no.medisin --> no.naturvit.medisin (AU har denne under no.teknologi) Treng me no.naturvit.diverse? So langt: Der me har hatt no.vit.diverse, treng me kanskje tre diverse-grupper for ulike fagtypar. Eit alternativ som er meir praktisk men ikkje spesielt elegant, er å laga ei gruppe utanfor no.(humaniora|teknologi|naturvit), som ein refleks av at desse tre hierarkia trass alt har mykje sams i det at dei alle er fagleg orienterte (det er berre no.humaniora som ikkje er nemnt av AU). Ei slik «mindre elegant» gruppe kunne heita no.diverse-fag eller noko i den duren. Men merk at dette berre er høgttenking... no.it ----- Jamfør debatt i andre trådar. no.marknad ---------- Jamfør debatt i andre trådar. no.org ------ Som Evens framlegg: no.bibsys --> no.org.bibsys no.ef --> no.org.eu (eller bør denne plasserast saman med noverande no.prat.politikk?) no.embnet --> no.org.embnet no.nuug --> no.org.nuug no.org.decus --> no.org.decus no.org.efn.diskusjon --> no.org.efn.diskusjon no.org.efn.nyheter --> no.org.efn.nyheter no.org.isoc-no --> no.org.isoc-no no.org.nobug.diverse --> no.org.nobug.diverse no.org.nobug.nytt --> no.org.nobug.nytt no.stortinget --> no.org.stortinget no.student.samfund --> no.org.student.samfund no.student.nett --> no.org.student.nett no.uninett.diverse --> no.org.uninett.diverse no.uninett.drift --> no.org.uninett.drift no.uninett.fik --> no.org.uninett.fik no.uninett.hjelp --> no.org.uninett.hjelp no.uninett.katalog --> no.org.uninett.katalog no.uninett.skole --> no.org.uninett.skole Evens no.sosialt og restane av AUs no.kultur og no.samfunn ---------------------------------------------------------- Fleire har teke til orde imot å samla dette i eitt hierarki. Even føreslo «no.sosialt», som eit oppsamlingshierarki for det som ikkje var fagleg eller passa nokon annan stad. Det skilde seg dermed ikkje so mykje frå måten AU har bruka Deweys kulturomgrep på (bortsett ifrå at Dewey stappa ogso fagdisiplinar ned i den store sekken sin). Lat oss tenkja oss at me kunne tillata denne inndelinga: no.fritid no.prat Då kan me få: no.fritid --------- no.alkohol --> no.fritid.alkohol (no.bolig? jf. no.teknologi.* --> no.fritid.bolig) no.film (eller under no.humaniora?) --> no.fritid.film ? no.hobby.diverse --> no.fritid.diverse (MERK DENNE!) no.kultur.fritid.friluftsliv --> no.fritid.friluftsliv no.reiser --> no.fritid.reiser no.speider --> no.fritid.speiding no.spill --> no.fritid.spill.diverse no.spill.rollespill --> no.fritid.spill.rollespill no.spill.sjakk --> no.fritid.spill.sjakk no.sport.diverse --> no.fritid.sport.diverse no.sport.fotball --> no.fritid.sport.fotball no.sport.orientering --> no.fritid.sport.orientering no.sport.volleyball --> no.fritid.sport.volleyball Kanskje no.fritid.bil og no.fritid.sykkel i staden for no.teknologi.bil og no.teknologi.sykkel? no.prat ------- Dette er eit «lat oss prata om det»-hierarki. I alle gruppene under no.* skjer det prating om ting og tang, men no.kjemi, no.norsk osb. er ikkje grupper for «generelle samtaleemne». Der AU hadde no.kultur som sekkehierarki, og der Even hadde no.sosialt, vil dette vera den fremste kandidaten til sekkestatus her: ein stad der ein kan plassera det meste av det som elles er vanskeleg å plassera. Og kva er eigentleg vanskeleg å plassera? Jau, nettopp ikkje-faglege grupper som heller ikkje handlar om spesifikke fritidsaktivitetar, men om generelt prat kring visse emne. (no.ef? jf. no.org.* --> no.prat.eu) no.folklore.edb --> no.prat.folklore.edb no.folklore.generelt --> no.prat.folklore.generelt no.folklore.overtro --> no.prat.folklore.overtru no.media --> no.prat.media no.radio-tv --> no.prat.radio-tv no.prat.aksjer --> no.prat.aksjer no.prat.narkotika --> no.prat.narkotika no.prat.politikk --> no.prat.politikk no.prat.ufo --> no.prat.ufo no.prat.seksualitet --> no.prat.seksualitet no.skole.diverse --> no.prat.skole no.vitser --> no.prat.vits Med denne inndelinga på 2. nivå: no.humaniora no.teknologi no.naturvit no.it no.marknad no.org no.fritid no.prat ... vil ein ha fire delhierarki med i praksis fagleg tilsnitt, noko som ikkje skil seg so mykje frå AUs framlegg. Den største skeivkapen ved AUs framlegg (blandinga av humaniora og ikkje-fagfelt, medan realfaga fekk eigne eksplisitte heriarki) vert automatisk retta opp ved at humaniora vert skilt ut på same måten som andre faglege grupper (frå før hadde AU skilt ut natur_vitskapane_, slik at friluftsliv ikkje hamna under natur, men under kultur...). Det som då er igjen, hadde Even samla i «no.sosialt», som eg her har delt opp i «no.fritid» og «no.prat». (Personleg tykkjer eg at det ville vera meir logisk og framkomeleg å plassera ei marknadsgruppe for bolig i eit eige marknadshierarki enn under no.teknologi eller no.fritid. Men dette er i grunnen ein annan debatt.) Jardar