Gruppenamn: no.fag.spraak.diverse Kort skildring: Om språk. Målet med gruppa: Gruppa skal vera eit forum for utveksling av kunnskap, spørsmål og meiningar om språk. Vi vil ha: Både faglege og ikkje-faglege spørsmål, diskusjonar, opplysningar og meiningsutvekslingar er velkomne. Fagfolk må respektera at språk opptek mange fleire enn fagfolk, samstundes som dei som ikkje er fagfolk, må respektera at det ogso skjer faglege diskusjonar på gruppa. Emna som høyrer heime på gruppa, femner om alle aspekt ved språk, språkvitskap, språkfilosofi, sosiolingvistikk osb. Vi vil ikkje ha: - Krangling og personåtak. - Hets av nynorsk/bokmål/riksmål. - Ubeden korrekturlesing av andre sine artiklar. Dette er ei gruppe for diskusjonar osb. om språk, ikkje ei gruppe for sjølvutnemnde korrekturlesarar. - Kommersielle reklamepostingar (men informasjon om relevante konferansar, nye bøker o.l. er velkomne). - Slikt som det finst andre grupper som skal taka seg av. Til dømes høyrer fornorsking av fagord og terminologi heime på no.fag.spraak.fagord. Grunnlaget for gruppa: Trafikkgrunnlaget er allereie dokumentert av den i prinsippet eksisterande gruppa no.fag.norsk.diverse, som kan leggjast ned, og av den reelt eksisterande gruppa no.norsk, som skal leggjast ned.